Brullaupskjøring, og ærverdig flosshatt

Ford Anglia 1962 mod, med eigar Theodor Erling Tønnessen, vekker oppsikt rundt forbi, når dei er ute og viser seg fram.  Eit par som vil gifte seg spør om Theodor vil kjøra dei som brudepar den 22. august 2020, og får ja på flekken.  Bilen gjev dei assosiasjonar tilbake til Aidensfield.

Dagen kjem, og iført smoking og flosshatt stiller Theodor med bilen på avtalt tidspunkt og bringer paret til Frelserens kirke, Farsund.  Det er Helene Johansen og Stian Johansen, Farsund.

Hatten Theodor har på seg, er ikkje berre ein kva som helst slag hatt.  Den tilhøyrde Mathias Mathiassen frå Hidra, kjøpt i New York i 1925, for å bruka den då han skulle stå brudgom seinare same år, i Noreg.  Han gifta seg med Lisbeth, ei jente frå Hassel, Lista, og dei gifta seg i Vanse kyrkje.  Dei reiste så til USA, men, etter få år  vendte dei tilbake til Lista.  Hatten er teken vare på  i opprinneleg boks av dotter deira, Kirsti Mathiassen, som er nabo med Theodor. Hatten er 95 år, og like fin, frå sjølvaste New York!  Det må vera stas-hatt i særklasse!

 Etter vielsen dreg dagens brudepar til Huseby Kongsgård for fotografering. Eilef og underteikna fylgjer diskrè med som backup, i tilfelle det skulle skje noko med Anglia.  Me får lov til å knipsa eit par bilete for bruk i Fjærbladet. Takk brudepar, det er hyggeleg, og lukke til vidare!

Sjølve brullaupsfesten skal vera på  Offisersmessa ved Lista Fly- og Næringspark, og sjåfør og bil kjører brudeparet vèl på plass.  Alle partar er riktig godt fornøgde med oppdraget, og kjøretøyet fungerte prikkfritt. Brudeparet blir sett av på vegen forbi messa, og vandrar  fram siste stykket til lokalet på sti.

Det er flott at slike eldre bilar kan vera med og setja ein spiss på høgtidsdagar for unge menneske også, ikkje berre for oss veteranar!

Turid