Hopp til innholdet

Onsdagstur i Vest

  • av

Det er vår, og tid for første onsdagstur, 11.mai 2022.

25 bilar møter opp frå heile distriktet ved Lyngdal kyrkje. Folk rekk å slå av ein liten prat.

Klokka 18.00 startar kolonna opp, det ber mot Kvinesheia, med avkjøring mot Kvås. Veg nr 461 er svingete og noko smal, det er utfordrande når ein campingbil kjem i mot og møter dei største amerikanarane -, men, det går greit. Vegen går over hei og gjennom skog, med ganske glissen busetnad. Bjørka er såvidt blitt grøn, kvitveisen blomstrar.

Etter ei stund ber det nedover til Lyngdalen, til fine bygder.  Her blomstar eit og anna frukttre og jamen har også heggen pynta seg for oss. Det går nedover dalen på fylkesveg 43. Etter nokre kilometer er me hos Inge, Silje og dottera Amalie.  Inge er glad i veteranbilar, han kjøper og sel kjøretøy når det passar, og er nestformann i klubben.  Det kanskje ikkje alle veit, er at han nå har fått sett opp ein god, gamaldags bensinstasjon med tilbehør, i tilknyting til garasje- og verkstadbygget.  Det er først og fremst bensinstasjonen som er trekkplasteret i kveld. Tunet er rommeleg, og alle bilane får plass.  Inge ønsker alle vel møtt, og Olav Hægeland stig fram og overrekker Inge emblemet til AMK, med takk for at me får koma.

Nå kan folk gå rundt og sjå seg om. Det viser seg at Silje og Amalie er i full gang på bensin-stasjonen med å selga pølser og brus, så dette er verkeleg nostalgisk! Hyllene er fulle av saker og ting som er å få kjøpt. I tillegg er det gratis kaffe å få i det greie opphaldsromet mellom stasjonen og garasjen.  Folk handlar litt, ser seg rundt, her står både A Ford, lastebil, og andre veteran-kjøretøy.

Her er nok av stolar og bord, og triveleg å setja seg ned, varmt og godt. Med ein skvett kaffe, pølser og anna godt, og ein drøs med vener og kjente, mens videoen fra siste Tronåsen-løp rullar på veggen, er her riktig hyggeleg å vera.

Mange takk til Inge og familien for ein koseleg kveld!

Turid.