Siste onsdag i april, den 27. er det vårmønstring på Bjodland, øvst i Opsal-bygda. Nå er det to år som dette arrangementet ikkje har funne stad pga korona. Men i år er Jan Bråtlund og fru Reidun klar til å ta imot Amk-medlemmer til mønstring, og mange møter opp med gamlebilen: godt 30 veteranbilar av mange slag og alle aldrar, pluss 8-10 vanlige, og det doble av folk. Harald Eide kjem med sin tohjulte Tempo.
På Bjodland er det som alltid ryddig og fint i det gamle tunet, og det er rigga til med bord og benker både inne og ute. Ei blid Reidun er i sving med lappekake-steiking. Olav Hægeland kjem som siste mann med sin velkjente Commer, Han klatrar opp på lasteplanet og ønskjer velkommen, og takkar Jan og Reidun for at me skulle få koma.
Så er festen i gang, folk slår seg ned, grillen er tent, snart luktar det godt av både pølser og kaffe, og ikkje minst av varme lappe-kaker. Her er det hyggeleg å vere, folk kosar seg med mat og prat. Nokre går og ser på kjøretøya, ein motor blir starta og fenger oppmerksomheten til dei kyndige.
Det er ein fin kveld, men kjøleg. Etter kvart seier folk far vel og tek på heimveg. Reidun og Jan skal ha stor takk for ein ny, fin kveld på Bjodland. Nå er sesongen i gang, me ser fram til mange gode AMK-arrangement vidare utover i året.
Turid.