Regnfullt Dyrskue I Lyngdal

Så er Dyrskue over for denne gong.Nokså tradisjonelt, men noko hemma av dårleg ver, som bremsa både på publikumsframmøte, redusert oppmøte av veteranbilar, og dempa aktivitetar.
Særleg fredag var det svære regnbøyer, lørdag var noko betre, mens det var best ver søndag.

Trass i dette var utstillingane på plass. Qvaas Traktorlag hadde ei solid utstilling av veterantraktorar og reiskap, og ein av dei eldste traktorgravarar som fins, Oddvar Sørli sin første produksjon frå Jæren av slik gravar, ein wire-maskin.
Traktorlaget stiller trufast opp med å kjøre barnehagebarn med Gråtass og tilhenger, og barna er like blide om det kjem ei regnskurd eller ikkje.

Hos AMK er Øyvind og Jan på plass med sag og motor, til å sage tønnestav, og Emil lagar tønne av staven.
Treskeverket er der, og blir dratt av ein gråtass. Mølla er der, og Bente Marie er ein av fleire som mel korn til mjøl. Sjølvsagt er Torstein og medhjelparar på plass med skafte-fabrikken, han dreier både sleggeskaft, øskeskaft og orv.
Olav Nilsen stiller ut ein to-hjulstraktor 1965 modell, men som han brukar i skogen den dag i dag til å dra stokkar med.
Gamle motorar er der, og Trond er i bua og sel effektar for AMK og tek i mot nye medlemmer til klubben.

Lørdag blir det kinna smør på gamlemåten i ei kinne, og vaska og salta av Bernt Jarl Fardal.
Lørdag møter og Farsund og Lyngdal Tempoklubb, og stiller ut 15-20 fine motorsyklar.

Denne dagen er og Harald Eide på plass med sylkvasse ljåar og inviterer til ljåslått-konkurranse. Det fenger bra, både kvinner og menn deltek, i alt 10-12 stykke, og i år gjekk ei kvinne av med sigeren: Bente Marie Fardal, gratulerer! Ho fekk både orv, ljå. ljå-klemme og bryne i premie.

Ein god del folk tek svingen bortom «gamle-verda» ser på dei ulike aktivitetane, eller slår av ein prat.
Ein del fine veteranbilar kan dei og studera, om ikkje så mange som det pleier å vera.
Klubben har fått fleire nye medlemmer, det er bra.

Enda eit Dyrskue er nå omme, og det er berre å takka alle som kom, og alle trufaste dugnadsfolk som steller det til, år etter år. «Gamle-verda» utgjer ei betydeleg avdeling av Dyrskue. Og på bileta på desse sidane kan ein sjå mangfaldet og alle dei som hadde ein fin dag her.

Turid